Om Inka AS

Inka AS er ei vidareforedlingsbedrift med over 125 fast tilsette, lokalisert på Røtinga, i Os kommune i Hordaland.

Vi er ein rein vidareforedlingsbedrift og utfører tjenester på bestilling frå kunde. Med lang erfaring i bransjen og god erfaring hjå våre tilsette produserer vi i dag over 40 ulike produkt av laks og aure – både fersk og fryst til eksport verda over. Den årlege produksjonskapasiteten ligg i overkant av 12 000 tonn ferdig produkt og har auka jamt dei siste åra.

Vi er opptatt av nyutvikling og effektivisering. I samspel med myndigheiter og i samarbeid med våre kundar og leverandørar jobbar vi kontinuerlig med forbetringar, kvalitetssikring og utvikling av nye produkt med en topp moderne maskinpark frå leiande leverandørar.

Fokus på kvalitet og trygg mat er essensielt for Inka, og vi har gode system for kvalitetssikring som tilfredsstiller alle norske krav til sertifiseringar.

bilde fra inka
Ferske porsjoner av laks

Med fokus på gode råvarer og god kvalitetssikring er vi trygge på at våre produkt er av topp klasse.

Inka styrer etter eit prinsipp om bærekraft og vi ynskjer å forvalta ressursane våre på ein forsvarleg og god måte. Produksjonsprosessen er lagt opp til at alle delar av fisken nyttast maksimalt. Avskjær, hoder, bein og skinn vert utsortert og videreforedla som bi-produkt, til dømes som dyrefor og fiskeoljer.

 

 

Historie

Inka ble starta av Karsten Austevoll hausten 2002, men historia startar lenge før det.

Austevoll-familien har levd av havet i generasjonar, og allereie som 13-åring bar det ut på havet for Karsten. Då fekk han plass på brislingbåten «Leiholm».
I 1973 fekk han sin eigen båt, snurpetrålaren Terten, som seinare vart ombygd til standby-båt i Nordsjøen.

Karsten og broren Øystein, starta planlegginga av lakse- og aureslakteriet Gje-Vi AS i 1983. Vinteren ´84 starta dei opp i Gjelevika, og samarbeidde tett med lokale leverandørar og eksportørar. Karsten blei eineeigar i 1998.

Hausten 2002 starta Karsten Austevoll Inka AS for vidareforedling av atlantisk laks og regnbogeaure. Kvalitetsarbeidet dei gjorde i Gjelevika gjekk ikkje upåakta hen, og i 2006 starta samarbeidet med Seaborn. Sidan har det vore jamn vekst for foredlingsbedrifta.

Samfunnansvar

Våre etiske retningslinjer, danner grunnlaget for vår virksomhet og vår kultur. Desse retningslinjene reflekterer våre kjerneverdier og vårt engasjement for integritet, respekt og ansvarlighet i alle aspekter av vår drift. Dei er utforma for å veilede våre ansatte, samarbeidspartnere og interessenter i å ta etiske og informerte beslutninger. Sammen skaper vi ein bærekraftig og rettferdig arbeidsplass hvor vi behandler kvarandre med verdighet og respekt. Her kan du lese meir om våre etiske retningslinjer og korleis dei veileder oss i vårt daglige arbeid.

 

Inka støttar lokalmiljøet

Den lokale tilhøyrsla til Inka, er noko vi er stolte over. Vi har ein tett dialog med nærmiljøet rundt oss, og har fokus på å unngå forureining, utslepp og støy. Inka er lokalisert i naturskjønne omgivelser, og vi ynskjer å vere så mykje i pakt med nærområda som mogleg. Inka er også ein aktiv aktør i ulike lokale organisajonar, idrettslag og arrangement. Det er ein del av vår visjon om å gje noko tilbake til lokalsamfunnet og støtte opp under postive tiltak og aktivitetar i kommunen.

Inka er stolt sponsor av IL Øyglimt, Søre Øyane Naturbarnehage, Øyafest, Nore Neset IL, Dale Oen Academy og Oseana kulturhus for å nemna nokon.