Sertifiseringer og samarbeidspartnarar
Fokus på kvalitet og trygg mat er essensielt for oss i Inka, og vi har gode system for kvalitetssikring som tilfredsstiller alle norske krav til sertifiseringar. Inka er sertifisert etter den ledende britiske sikkerhets-og kvalitetsstandarden BRC, og har i tillegg Global G.A.P, ASC, DEBIO og Kosher godkjenning. Inka er også registrert i det amerikanske FDA, US Food and Drug administration. Dette gjer at du skal vera trygg på at produkta vi lagar held høg standard.
Vi er oppteken av nyutvikling og effektivisering og samspel med myndigheiter og kunde jobbar kontinuerleg med forbetringar, kvalitetssikring og utvikling av nye produkt. Vi har ein topp moderne maskinpark, erfarne tilsette og effektive produksjonsløysingar. Dette gjer at vi i dag produserer over 40 ulike produkt for kunde til eksport verda over.
Vår største kunde er Seaborn AS. Samarbeidet blei oppretta allereie i 2006 og har vore i jamn vekst sidan starten. Seaborn, med hovudkontor i Bergen, er eit salsselskap eigd av fleire oppdrettarar lokalisert langs norske kysten. Dette gjer kundane ein unik moglegheit til å komma tett på kjelda og til å følge fisken frå den blir produsert til den kjem ut i marknaden.